Den miskunnsame samaritanen sin sundag. Vi feira messe i Betania bedehus i Stryn. Folk kom frå nord og syd og fylte opp det vakre bedehuset i Stryn sentrum, med både altar og altarbilete skapt av den lokale kunstnaren Magne V. Kristiansen.
Fr Olav Paulinus gav oss ei allegorisk preike over Jesu likning og viste kor mange meinings-lag det kan vere i ei slik bibelforteljing. Den miskunnsame er Jesus Kristus sjølv. Det er vi som ligg forslåtte i vegkanten etter angrep frå demonen. Men Jesus hentar oss opp, byd oss eselet sitt, gjev oss sakramental lækjedom og ein heim i si kyrkje på jorda (hospitalet) og lovar å kome att og gjere opp for alt det vi skuldar både på jorda og i himmelen.
Folk frå bygda bar mat på bordet og vi hygga oss langt utover ettermiddagen. Fagre Stryn viste seg frå si beste side denne sundagen.