4. september deltok Eivor Andersen Oftestad, kjend m.a. som skribent i Klassekampen og Dag og Tid, med foredrag om «Mennesket og bioteknologien» i St Olav kyrkje,.
Eivor Oftestad er kyrkjehistorikar, forskar og forfattar og underviser idag ved Høgskolen i Innlandet.
Etter at Stortinget i 2020 vedtok ein revisjon av bioteknologilova, er menneskesynet kome i spel på ein måte vi aldri før har sett her til lands.
Medisinsk forskning har i lang tid gjort store framsteg i innsikt i innsikt om det prenatale mennesket, mennesket før fødselen. Spørsmålet altfor få har reist er om slik kunnskap er verdinøytral. Både politikarar og folk flest har vent seg til å skilje mellom kunnskap og verdiar, slik at uavgrensa vitskaplege fakta og innsikter er velkomne, og vi kan på privat basis legge til våre tolkingar.

Foto: minervanet.no
Slik argumenterte ein også i Stortinget om fosterdiagnostikken. At dette er tekniske spørsmål for å få så god informasjon som muleg og så gode teknikkar som muleg for m.a. å kunne fjerne foster med m.a. Downs syndrom.
Kva er menneskeverd når kvalitetssjekk og sortering vert normalen, spurde Eivor Oftestad i foredraget sitt i St Olav kyrkje. Kvar skjer i ein kultur når Gud vert borte? Korleis endrar menneskesynet seg, og synet på liv og død? Har menneske lenger nokon absolutt verdi?
Eivor Oftestad gav i 2016 ut boka «Vi lager barn. Reproduksjon gjennom 500 år.» I år var ho medutgjevar av boka «Hva vil vi med fosterdiagnostikken?»