Med krossmerket mot påske

Oske er dødens teikn. Krossmerket er Guds bumerke. Gud sette det på Kain som vern mot hans fiendar. Og Gud sette det på oss i dåpen. 

Oskeonsdag innleier fastetida med å teikne oskekrossen på panna, ei påminning om døden.

Den som ber merket, er elska av Herren over dødens makt. Vi held faste for å lære at vi lever av brød, men ikkje brød åleine. Vårt mål er eit liv fylt med meir enn karneval og fest.

Fastetida har tre grunnpillarar: Bøn, faste og almisser.

Det handlar om messefeiring, bønetider, om å gje Gud det som høyrer Gud til. Og til trengande det dei treng. Og om oppgjer med dei som brukar meg, styrer meg og stel meg. «For der skatten din er, der vil hjarta ditt óg vere.»

Translate »