Med krossmerket mot påske

Oskeonsdag innleier fastetida med ei påminning om døden. Oske er dødens teikn. Men krossmerket i panna er Guds bumerke. Gud sette det på Kain som vern mot hans fiendar. Og Gud sette det på oss i dåpen.

Den som ber merket, er elska av Herren over dødens makt. 

Vi held faste for å lære kven vi høyrer til og at vi lever av brød, men ikkje brød åleine. Vel og bra å halde seg frå sjokolade og dessert i fastetida, eller kjøt og kino. Men fastetida har tre grunnpillarar: Bøn, faste og almisser.

Det handlar om messefeiring, bønetider, gje tid til Gud, gje til trengande og ta oppgjer med alt det andre som styrer meg og stel meg. «For der skatten din er, der vil hjarta ditt óg vera.»

Vel møtt til messefeiring onsdag kl. 18 i St Olav kyrkje.

Leave a Reply

Your email address will not be published.