Gud kallar menneske på mange måtar: Astronomistudier like vel som pandemi og andre kriser. Men når Gud tenner ei Betlehemsstjerne, gjeld det å bryte opp. Alle som vandrar med Gud, må til eikvar tid vere på vakt. For Herodes er allid utfordra av Kristus og vil øydelegge den sanne Kristus-tilbedinga.
Julestemning kan vere forføreriske greier. Epifania openberrar eit møte med ’reality’ som kompletterer julestemninga. Lyset tent i Betlehem møter mørkret. Og mørkret tok ikkje imot det, så englesongen glei over i rama-skrik. Slik er den verda Herren vart fødd inn i.
Men vismennene sin visdom viste seg i at ’dei tok ein annan veg heim att til landet sitt’. Her har vi noko å lære.