Kvifor tok dei fyrste kristne vare på forteljinga om Jesu besøk i heimen til Marta og Maria i Betania?
Sjølvsagt fordi ho stamma frå Jesus, men kanskje også fordi ho på ein forløysande måte skildrar den lojalitetsknipa som alltid vil vere mellom aktivt og kontemplativt kristenliv.
Mange ting er viktige. Men somme er viktigare. Dei to systrene i Betania får leve gjennom kyrkjehistoria som symbol for korleis liturgi og diakoni alltid må gå hand i hand hjå oss.
Les gjerne Luk 10,38-42.