Sæl er den velsigna moder /
som deg under hjarta bar!
Soleis syng Elias Blix om Maria, ho som dei truande til alle tider prisar sæl.
Utan henne ikkje noko Jesusbarn fødd som menneske. Og utan inkarnasjonen inga frelse for syndarar.
15. august er den årlege minnedagen for Marias innsomning. Slik Maria tok imot Jesus og var med Han gjennom heile livet, har Jesus teke imot henne i himmelen for å vere med henne gjennom heile æva. Ho har fått den plassen Gud har gjort istand for henne, slik vi ein dag vonar å få vår.
«Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo så de kan skjøna kva det er for ei von Han har kalla dykk til,» skriv apostelen (Ef 1,18).