
Eldste vranglæra i den kristne kyrkja er fornektinga av at Gud verkeleg vart menneske. “Too good to be true.”
Seinare har evangeliet også blitt misforstått og forslått og redusert til symbol, poesi, metafor, litteratur og nostalgi.
Beste vernet mot forvrenging av juleevangeliet, er Maria. Kyrkja kalla henne tidleg Guds mor for å verne seg mot vranglæra.
Maria bar ikkje ein idé under sitt bryst. Det som sparka i hennar livmor, var ikkje ei myte. Ein engel hadde fortalt henne kven barnet var.
No ber ho på verdas største løyndom: Ho er blitt Guds mor.
Det gjer henne ikkje høgrøysta eller pågåande. Det er verd stille lovsong. Det sluttar vi oss til på den siste sundagen før jul.