Tankar i juletida
Egypt kom i fokus i Jesusbarnets liv,dette landet der lys og mørkre har møttest og stadig møtest på ein både fascinerande og uhyggelege måte. Les Matt 2,13-15
Mørkt var det då Jesusbarnet vart fødd. Mørkt då gjætarane kom og banka på. Vismennene måtte snike seg i veg heim att i ly av natta. Mørkets fyrste Herodes stod Jesusbarnet etter livet. Slik er livet stadig for kristne i Egypt.
Men Gud hadde ein plan, og sin eigen måte å fremje sin plan på. Gud går fram på ofte uventa måtar. Josef fekk ein draum med besøk av ein engel. Idag fortel muslimar om draumeaktige møte med Jesus. Herodes vert lurt når vismennene vert varsla i ein draum. Dei tek ein annan veg heim att til landet sitt. Josef tok draumen på alvor og drog som flyktning til Egypt. Då Herodes var død, melde engelen seg att for Josef i draumen: Trygt å reise heim. Ein tredje draum fekk Josef om ikkje å busetje seg i Judea men i Nasaret.
Det høyrest enkelt ut. Gud talar til menneske, ikkje gjennom høgtalarar, men som intuisjon, ei kjensle, ein tanke inni seg som vert til ei aning. Og at ei oppøvd indre lytting, eit reint hjarte og gjerne uthaldande bøn vert til ei overtyding om kva Gud vil. Slik har Gud kalla menneske gjennom historia til teneste. Også idag. Gud talar gjennom hendingar, opplevingar, møte med andre menneske, lytting til andre, studier og ettertanke. I eit truande og bedande hjarte kan slike innspel frå Gud bli til openberringar av Guds vlje.
Her treng vi å øve oss. Det er lett å vise frå seg ein detalj som noko tilfeldig, som hell eller uhell eller bagatell. Enn om vi heller spør Gud tilbake «kva har du meint, kva vil du meg?» Hjå Gud er det heilskapen som tel. Han brukar oss, men er ikkje avhengig av vår dagsform eller kvalifikasjonar. Det er viktigare å vere ein viljug brikke nedi dalen i Guds store plan enn å leve på fjelltoppar med fullstendig oversikt over terrenget til eikvar tid.
Herodes-historia viser oss at Gud brukar også synd som byggestein i sin plan. Gud har gitt menneska fri vilje, og kan difor ikkje straks utrydde all vondskap. Difor måtte Maria og Josef tolmodig bere konsekvensane av flyktnigestatusen. Gud ville ikkje mordet på borna i Betlehem. Rama-skrika skar i Guds hjarte. Det som i våre auge berre handla om tragedie, ser annleis ut for Gud. I hans auge miste ikkje desse borna noko umisteleg. Dei vann alt. Det skal lang tids øving til for å sjå Guds langtidsplan gjennom alle nær-hendingar.
Josef og Maria skal vere våre førebilete i deira lydnad mot Gud og Hans heilage vilje. Dei gjekk Guds vegar, og difor kunne ingenting skade dei. Ingen er så trygg i fare som dei som går Guds vegar.
No takka nok ikkje dei uskuldige borna i Betlehem Gud for at dei fekk døy for Jesu skuld. Og familietragedien for Josef og Maria var reell nok. Dei vart drivne ut som flyktningar. Livet deira var slett ikkje enkelt. Heller ikkje tanken på det som skjedde i deira fotspor i Betlehem. På reisa til Egypt hadde dei meir enn nok å bekymre seg over.
Slik kan det også vere i den plan Gud har for oss. Der er ingen garantiar mot liding. Eller at Guds veg er beinveges og utan motbakkar eller frostnetter. Det kan t.o.m. vere at lidinga er så vanskeleg at ho overgår kreftene våre. Men vert ho difor absurd eller forgjeves? Nei. Gud utstedar ingen garanti mot lidingar. Men vi treng auge som ser Guds plan gjennom det vonde som menneske kan stelle istand.
Liding har blitt vanskelegare for oss å fatte etter som vi er blitt herre over så mykje, både menneskekroppen, -sinnet og naturen meiner vi å ha lagt under oss. Fredsbevarande styrkar, smerte-spesialistar, antidepressiva og pillar og sprøyter har vi funne opp. Som Job avkrev vi Gud svar på kvifor det stadig må vere slik at uskuldige må lide.
Igjen er det berre å svare: Lat oss heller gjere til våre forbilde Maria og Josef, og forsåvidt alle andre i Guds historie, som har lytta etter Hans stemme, og teke på seg det åket Gud har lagt på dei. Utan å vite kva framtida vil bringe. Og vi veit at det fins eit usynleg samband mellom alle truande, kalla samfunnet av dei heilage. Det fins ‘velsigna band som bind’. ‘Om nokon av oss lid, så græt vi andre med. Og vert han atter løyst og fri, vi oss med honom gled.’ Dette usynlege samhaldet gjer at vi kan takke for kvarandre og seie ja til kvarandre, så det vert ei felles sak å halde ut og halde saman. Slik er Guds vegar. Og nå vi ser at vi står i denne fellesskapen som går over grenser og gjennom århudre, kan vi også lettare leve med spørsmåla vi ikkje får svar på.
Kva tenkte Maria då meldingane kom til henne om massakrane i Betlehem? Pga hennar baby. Ho har heilt sikkert bore desse familiane med seg. I deira stad har ho sagt ja til dei lidingane som kom i hennar veg. Det dei ikkje kunne bere sjølve, var ho med og bar for dei. Og ho har gitt eit forbilde for alle som seinare i historia og i våre dagar går Guds vegar.