Lat oss alle be!

«Norsk tidebønn» er tittlen på den rykande ferske tidebønsboka. Sist såg denne boka dagsens ljos i 1948, utgjeven av Agnar Sandvik. No står ho fram med bøner for kvar dag i veka og med notar.

Ingrid Gjertsen og Anne Gunn Pettersen har gjennom fleire år arbeidd med å tilpasse gregorianske melodiformlar, antifonar og hymner til bønene i Sandvik si bok. Resultatet har blitt ei veldig praktisk og vakker bok med fire tonesette tidebøner til kvar dag i veka.

Her er Davidssalmar, hymner, bibeltekstar, nytestamentlege cantica og forbøner. Kveldsbønene hadde Sandvik slv funne tonar til. Og no har også dei andre bønene fått melodiar frå same tradisjonen – den gregorianske – og frå norsk folketonetradisjon.

Boka har ikoner måla av Ove Grant Svele som pryder sidene innimellom og taler om bøn på sin eigen måte.

Boka er no i sal for kr 250,- pluss evt. frakt. Kjøp og ta i bruk.

Send bestilling til ottar.myrseth@gmail.com eller 98876761.

 

Translate »