Det gjensynet Jesus gav disioplane etter påske, lovar han oss ein gong. “Det er berre ei lita stund,” seier han.Men det han kallar kort, har vart ganske lenge. Medan vi ventar, er prøvingane si tid.
1900-talet vert rekna som martyrane sitt århundre. I vår kultur har kristninga gått i revers. Og i det siste har pandemien sett både tålmodet og trua på prøve.
Av historisk erfaring veit vi at åndelege tomrom gjerne vert fylt av forvirring og fortviling.
Då treng vi å kjenne mønsteret Kristus har gitt oss: Nederlag skal det bli. Motstand skal det bli. Smerte og lidingar. Men ikkje noko nederlag skal få siste stikk. Det er berre ei lita stund. Det skal bli sorg og gråt, men ingen skal kunne ta gleda frå oss.
Det kristne synet på framtida er å overgje livet sitt til den trufaste Skaparen og Frelsaren, konsentrere seg om å gjere det gode. Det er kristen medisin mot mismot.
Les gjerne Joh 14,1-11a.