Kyrie eleison

3. sundag i faste
Fastetida er kampane si tid, både med Gud og med oss sjølve. Gud er ikkje bortvend. Han ventar på oss. Vegen til han er hard, men ikkje vanskeleg.
Patriarken Jakob måtte i brytekamp for å vinne velsigninga. «Ei kvinne frå desse bygdene» ropa etter Jesus. Det kunne vore ei av våre bygder. Dotter hennar var utsett for ei plageånd. Ho fekk ein tøff bøneskule.
Somme vil surfe til Gud. Det vert ikkje helging utan åndelege brytekampar.
Gud er verjelaus i møte med den som klyngar seg til han slik Jakob og denne kvinna. Truskampen gjer henne til ei mor i Guds rike, mor for alle som har ropt igjen og igjen utan å få svar. Visdomen hennar er dyrekjøpt, men verdifull. Og trua hennar var stor.
Les Matt 15,21-28
Translate »