For tredje år på rad har Den nordisk-katolske kyrkja feira stemne i Innvik. Dette året blei vi minna på at april er ein lunefull fyrbøtar når det gjeld veret. Men som Bjørnson skreiv i si tid: Snart kald, snart varm.
Varmare var det heldigvis i kyrkjebenkane då eit tjuetals deltakarar var samla til tidebøner til faste tider, men sluddet og regnet måtte ei stakka stund la sola slippe gjennom bygene då kyrkjelyden song sitt «gloria» under messa på sundag. Så vart ho borte att og vi måtte som alltid tru at lyset og varmen er sterkare enn mørkret og kulda. Visst skal våren komme!
Tema for helga var «Kvardagskristen vil eg vera». Mange kjenner nok denne strofa att om dei har vore i kristne samanhengar. Det er Mathias Orheim som er opphavsmannen til lyrikken. Den blinde predikanten frå Stårheim som vitja mest kvart eit prestegjeld i Norges land med unnatak av nokre få i Finnmark.
Han spela dei vare melodiane på stettglasa og fela fylgde han på reisene. Fekk han ikkje bruke fela på bedehuset, leigde han like godt ungdomshuset.
Prest Matias Austrheim frå Ørsta drog dei lange kyrkjehistoriske linene med tema «Kristendom i vest». Mathias Orheim står vel for noko at det beste i så måte, han virka i ei tid då vestlandsk (og norsk) pietisme la tunge åk på samvitet, predikanten frå Stårheim kom med ein lysare og friare klang i songen og forkynninga. I siste salmeboka er han fortsatt til stades med ikkje mindre enn fem salmar.
Solveig Orheim Nome vaks opp på grannegarden til Orheim. I to lødige foredrag tok ho oss med inn i dei rike åndelege straumane som prega Nordfjord på denne tida, den gongen dei bygde bedehus og ikkje la dei ned. Orheim evna å tale til folket og dei unge.
Den nordisk-katolske kyrkja er ikkje stor i Norge. Ho er rett nok katolsk, men har kritiske synspunkt på den romersk-katolske pavekyrkja. Liturgien i messa er nokså lik den ein vanleg kyrkjegjengar deltek i Den norske kyrkje. Ikkje at ein treng undre seg over det, dei liturgiske ledda er gamlare enn Luther, dei har sitt opphav i oldkyrkja sine formularer og bøner.
Dette er grunnstammen i felleskapen, men samveret har og behov for kulturelle innslag. På laurdagen kom Arne M. Sølvberg og kobla seg smidig inn på tema for helga. Han gav oss frodige og kanskje nokre triste historier om brytningane mellom det kristne og sekulære livet på denne tida.
Sølvberg er ein levande forteljar såvel som dyktig musikar, ja hass eigne komposisjonar er framifrå vakre.
På fredagen fekk vi presentert Orheim sin levande songskatt av fire damer frå Florø med Eilisif Gjestland i spissen.
«Kvardagskristen vil eg vera» og «Eg lengtar så heim til heimen min» kan stå som essensen av bodskapen frå Orheim. Her i «det kvardagrå er heimen mi kyrkje». Over oss finnast ein himmel som syner oss kva vi skal måle våre jordiske verdiar på. Den indarlege lengt etter å leve i den djupe meining: «Å var eg meir deg Jesus lik, så hjartevarm og god!» Når denne folkelege og kvardagslege kristentru forankrast i kyrkja si sakramentale tradisjon får vi som enkeltindivid fast grunn under føtene.
MAGNE V. KRISTIANSEN