Kristmesse i St Olav

«D’er langt sør til Betlehem.» Det var det for Josef og Maria òg. Enno lengre for Jesus, vegen frå himmelen til Betlehem.

Julenatta viser oss kven Gud er og at Han elskar oss som lever i mørkret og i skuggen av døden. Han fann att dei framande, omfemna dei bortstøytte, gjorde til familie dei som avviste Han og til arvingar dei arvelause.

Vegen til Betlehem endar for oss ved altarbordet. Her er Kristi krubbe. Altarduken er sveipet han vart tulla inn i.

«Kom, la oss gå med stille sinn / som hyrdene til barnet inn.»

Translate »