Kristi kongefest

Døden avslører at ’forfengeleg’ går ut på dato. Forfengeleg er næraste slektning til ’forgjengeleg’. Og begge deler er datostempla. «Det synlege er forgjengeleg, det usynlege evig.»

Lurt då snarast å gjere seg til vens med døden. Di meir vi har sanka på forfengelegdoms marknad, di meir har vi å døy bort frå. Men den som døyr etter kvart, slepp å døy så hardt.

Forbi livets siste innsjekkings-skranke får vi med berre éin ting i plastposen, seier Jesus: Kjærleiks-gjerningar. Det som likevel må etterlatast, er lite å satse livet sitt på.

Vi står framfor ei guddomeleg ansvarleggjering av heile livet vårt. Menneskesonen skal ein dag kome til syne. På si kongetrune. I herlegdom. Alle menneske skal anerkjenne han som domaren. Domsgrunnlaget er korkje sofistikert eller komplisert: Kjærleiksgjerningar.

Les gjerne Matt 25,31-46.

«Konge stor i makt og velde
du som let din nåde gjelde
frels meg du, all kjærleiks kjelde.»

Translate »