Den mest lettvinte livsløgna er likesæla: ‘Det finst ingen Gud. Finst ingen djevel. Ingen å stå til ansvar for. Ikkje noko å stå til ansvar med. Då gjer eg med livet mitt som eg vil.’
Denne livsløgna fører til sjølvdyrking og gjer mennesket hardt og avstengd. Likesæla er kjærleiken sitt motstykke. Ho bygg på at det er eg som er Gud.
Det er tid for å kalle menneska attende. Attende til Kongen og Domaren. Det kjem ein Herrens dag, med rekneskap for Han som gav deg livet: «Når han dømer broti våre, røyna fær eg då med tåre: Alt lyt fram i dagen klåre.»
Men den siste sundagen i kyrkjeåret, Kristi kongefest, feirar vi med kvit farge. For Kongen vi skal møte, har sjølv gått under same domen vi skal dømast etter. Denne Kongen styrer riket sitt med miskunn og betalar skuld med sitt eige blod.
«Konge stor i makt og velde, du som let din nåde gjelde, frels meg du, all kjærleiks kjelde.»
Les Joh 18,33-37.