Kristi kongefest

Døden avslører at ’forfengeleg’ går ut på dato. Forfengeleg er næraste slektning til ’forgjengeleg’. Og begge er datostempla.

Di meir du har sanka på forfengelegdoms marknad, di meir har du å døy bort ifrå. Men den som døyr litt etter kvart, slepp å døy så hardt.

Forbi livets siste innsjekkings-skranke får du med berre éin ting i plastposen, seier Jesus: Kjærleiks-gjerningar. Det som der må etterlatast, er lite å satse livet sitt på.

Framfor oss alle ligg ei guddomeleg ansvarleggjering av heile livet vårt. Menneskesonen skal kome til syne. På si kongetrune. I herlegdom. Alle menneske skal anerkjenne han som domaren. Domsgrunnlaget er korkje sofistikert eller komplisert: Kjærleiksgjerningar.

Meir om dette i St Olav kyrkje, Ålesund, på sundag 26. nov kl. 11. Les gjerne Matt 25,31-46.

«Konge stor i makt og velde / du som let din nåde gjelde / frels meg du, all kjærleiks kjelde.»

Translate »