Kristen-dommen

«Du kan ingenting ta med deg dit du går”, vert det sagt. Det er ikkje sant. Du skal ta med deg heile livet. Gud skal lese sjølvmeldinga du dagleg fyller ut og som har forfall den dagen du ’går’.

Småbyen sin nådelause mentalitet av intoleranse og misunning, Jantelova, lever stadig.
Kor lang er vegen frå Jante-dommen til kristen-dommen?

Jantelova sin akilleshæl er som bumerangen. Den dømesjuke trakkar på andre for å overvinne eigne feil og manglar. Det tronge og smålege som sit fast i mitt sinn, rammar nesten min, men er min dom over meg sjølv.

Guds måte er å bere bjelken i mitt auge og ta ut flisa i bror min sitt. Det vert stava n-å-d-e.
Vel møtt til messe i St Olav kyrkje, Ålesund, sundag 2. juli kl. 11.
Translate »