Stadige færre vert døypte her i landet. Kyrkjebesøket er skralt og Gud er ikkje lenger på kvar manns lepper. Har då kristen tru gått ut på dato?
Filip og Andreas levde i ei tid då kristen tru slett ikkje var sjølvsagt. Men dei var gripne av ein visjon og vart reidskap for ein revolusjon. Med den enklaste bodskapen som tenkjast kan: ‘Kom og sjå!’
Med denne bodskapen lokka dei fram orsakingar. Dei avslørte argument. Dei sette fingeren på privilegier som ikkje heldt mål. Og dei oppsøkte dei nysgjerrige, dei søkjande og lengtande.
Filip og Andreas hadde noko å syne sine samtidige. Det har vi også. For Gud er ein Gud som ventar og syner seg i all sin vakre fullnad! Skriftemålet ventar, dåpen ventar, evkaristien ventar. Dei heilage ventar.
Same kva som har tatt Guds plass i eit menneskeliv. Gud ventar og har meir å syne den som gir etter for lengten etter han. Kom og sjå! Les meir i Johannesev. kap 1, vers 35-46.