Kom og sjå!

Kristen misjon har gjerne foregått etter formelen «Gå ut i all verda». Men dei fyrste Jesu læresveinar fekk dette kallet: «Kom og sjå!»

Idag treng Kyrkja meir enn på lenge å vere ein slik stad. Gud har liksom gått ut på dato og kulturen vår prøver å legge kristendomen bak seg. Vi snakkar om ein kultur som har vakse opp i Guds hus, med kristent syn på livet, mennesket og døden. Men som har gløymt sitt opphav.

Difor trengst det menneske som går ikring og inviterer som apostelen Andreas: «Kom og sjå!»

Translate »