Advent handlar om Jesu Kristi gjenkomst, også kalla parusi, dvs. tilsynekomst. Han kom ein gong i fornedring som tenar, men skal kome att i herlegdom som konge. Då skal alle kne bøye seg for han.
I levande live avslørte Jesus seg berre glimtvis. Men ein dag skal løyndom verte synleg herlegdom.
Då skal avsløringa også gjelde oss. Det vi gjorde i det synlege, får konsekvensar i det usynlege. Til sjokk for alle. Til glede for somme.
Han kjem som kongen. «Han dømer folka med rettferd. Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla,» syng salmisten.
Den som vil ta del i gleda, lyt klarne synet. Leve som ein tenar som ventar herren sin. Ta oppgjer no med alt som må ordnast opp i.
Når Jesus seier «Eg kjem snart!» svarar dei truande: «Maran atha! Kom, Herre Jesus!» Han er på veg.
«Kom, konge, kom i morgenglans og gjør en ende bratt
på jordens mørke, tenn den dag som aldri mer blir natt.»