Kling no klokka, ring og lokka

Sist helg fekk St Olav kyrkje montert sitt eige klokketårn. Rettnok innandørs, med ei staseleg klokke som har fått namnet Sigmund etter gjevaren, Sigmund Rypdal på Hønefoss.

Klokka hang på eit cellulose-bruk på Eidsvold til 1965 og varsla måltid, pausar og arbeidstid. Seinare har klokka varsla andakter for turistar i eit hyttefelt i Brumunddal, og no altså i St Olav.

Sigmund er eit staseleg namn høveleg for ei kyrkjeklokke. Det norrøne namnet tyder ’siger’ og ’vern’.

«Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus.» (1Kor 15,57)

«Du er mitt skjold og vern, eg ventar på ditt ord.» (Ps 119,114)

Klokketårnet er teikna av kunstnaren Magne Viggo Kristiansen. Han har også skore ut i tre dua som prydar tårn-toppen. Vemund Øiestad har hovudæra av det presise snekkararbeidet som har framskaffa tårnet. Begge to har verkstadane sine i Stryn.

Kyrkjeklokka vil verte vigsla ved ei messe etter sommarferien..

Leave a Reply

Your email address will not be published.