Somme er uroa over at så mange har forlate folkekyrkja og blitt katolske. Andre har vakse opp med forkynning som i dramatiske ordelag har åtvara mot det katolske og reknar den katolske kyrkja som anti-krist.
I det siste har det i dagspressa versert artiklar og debatt om det katolske. Det kan difor vere god grunn til å setje seg ned og sortere mellom rett og vrangt i dette spørsmålet.
Grunnleggjande må alle kristne vere samde i at det katolske er ein hovudpillar i den kristne kyrkja si trusvedkjenning. Dei oldkyrkjelege credo nemner ‘katolsk’ som kriterium på den kristne kyrkja. I kvar messe og i dei fleste gudstenester framseier kristne kyrkjer denne trua. Det står ikkje til diskusjon.
Likevel vegrar mange seg mot å ta i bruk nemninga ‘katolsk’, sikkert fordi ho så lenge og så mykje er blitt brukt som negativ karakteristikk på det ein vender seg ifrå.
Enno meir usikre vert dei når innhaldet i det katolske skal fastsetjast. Då må ein både gå historisk og teologisk til verks.
Grunnmeininga av ‘katolsk’ er «det som vert trudd av alle, overalt og til alle tider». Kristen tru vert tradert. Vi har motteke det vi trur på, skal forvalte det og gi det vidare. Grunnleggjande i all kristendom er difor respekten for tradisjonen. Vår generasjon er ikkje åleine. Like lite som Skrifta er åleine. Vi har henne sams med dei truande til alle tider. Trua er heller ikkje åleine, men høyrer heime i eit heilt univers av truande og teologi, symbol og praksis utforma gjennom tidene. Han vi trur på er heller ikkje åleine, men står midt i fellesskapen av englar og heilage. Kristen tru er ei svært kollektiv erfaring.
Dette er ei oppsummering av gode grunnar for at kyrkja må vere katolsk også i vår generasjon:
1 – Det katolske er beste vernet mot den ny-religiøse forvirringa i våre dagar. Dei såkalla ‘alternativ-miljøa’ utfordrar oss idag slik gnostisismen utfordra dei fyrste kristne generasjonane. Dei oldkyrkjelege og katolske trusvedkjenningane kom istand i kampen mot denne utfordringa.
2 – Det katolske gir beste vernet mot privatiseringa av kristen tru som vert fremja av sterke kultur-trendar i vår tid. Det katolske er i så måte ei betre målsetjing enn personleg og intellektuell fridom som mange hevdar. Fridom er viktig, men fåren for privatisering er idag mykje større enn fåren for kyrkjeleg sensur. Det heiter ikkje ‘mi tru’, men eg kan ta over og gi vidare kyrkja si tru. Ho er katolsk.
3 – Det katolske er ein nødvendig korreksjon til den splittings-tendensen som har vore ein plagsam fylgjesvein for dei protestantiske kykjene. Det trengs i våre dagar eit nytt medvit om «det som vert trudd av alle, overalt og til alle tider» for at dei oppsplitta kyrkjene skal finne attende til det som kan samle.
4 – Det katolske er ein nødvendig leietråd attende til røtene som klassisk kristent trusmedvit har vokse fram av. Kristendomen er eldre enn Ole Hallesby, Lewi Petrus, Hans N. Hauge og Martin Luther. Den viktigaste teologiske grunnvollen for all kristen sjølforståing, stammar frå aposteltida og frå den udelte kyrkja si tid. Her fins også det som skal gi det katolske innhald for vår generasjon.
5 – Det katolske er læremeister i den misjonsstrategien vi må utvikle i vår multi-kulturelle samtid. Både apostlane og dei tidlege kristne leiarane stod overfor ein liknande multikultur som vi gjer i våre dagar. Det er hovmot å tru at vi veit betre enn dei og kan greie oss utan inspirasjonen derifrå.
6 – Det katolske er vegen attende til den synleggjering av trua som gjekk tapt i tida etter reformasjonen. Denne rikdomen av liturgiske uttrykksformer, heilage bilete og meir private ytringar som bønekransar, pilegrims-vandringar og andaktsformer i heimane finst i den katolske tradisjonen.
7 – Til sjuande og sist er difor det katolske ein uunnverleg leietråd attende til den udelte kyrkja si tru. Det er denne både protestantar og katolikkar treng om vi skal oppfylle Kristi kall om å vere eitt for at verda skal tru.