Ikkje av brød åleine

Adam og Eva vart sette i Paradiset med pålegg om å faste. Dei stod ikkje prøva.
Israel vart sende ut i øydemarka i 40 år for å faste frå kjøtgrytene i Egypt. Dei svikta stadig.
Jesus var i øydemarka i 40 døgn fastande. Han var trugen og lydig.

Det er på høg tid å oppdage at det vonde og det gode er åndelege dimensjonar. Evangeliet handlar om at Jesus nedkjempar dei vonde åndskreftene. Apostlane visste at vår kamp er mot demonane i himmelromet. Vi burde vite det, vi som forsaka djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen i vår dåp.

Det er på høg tid å avvikle alle småpene og sjølvtrygge verdsbilete. Livet og verda er større. Mennesket er bestemt til å nå Gud og leve i han.

Livet vårt og kulturen vår handlar djupast sett om kven vi skal tene og tilbe. Demonen sine forføreriske freistingar er å byte ut Gud. Men hans surrogat er tomrom. Når det blir tomt nok, fyller det mennesket med forvirring og fortviling. Vi har pengar og underhaldning til å utsetje møtet med tomromet. Men snart vil reality innhente oss.

Du som kjenner Guds bilete, vend om og tru på evangeliet. Tida er inne. Guds rike er nær.

Translate »