I ventemodus

Israelittane sat i Egypt og ved Babylons elvar og venta. ‘Sjå, eg kjem snart,’ var Jesu avskilshelsing. Ventemodus har vore normaltilstand for dei truande.

I ventetida er det lett å duppe av. Eld sloknar. Difor vil dei som held sine oljelampar vedlike, merke seg ut. Det er lett å bli bytte for samtids-herrane. Nyreligiøsitet og synkretisme, likesæle og promiskuitet, hedonisme og vantru går hand i hand.

Vår samtid er ei implosjonstid. Ein kultur som manglar motpolar, som ikkje gjer skil på rett og rangt, skaper lite energiutfalding. Også ei kyrkje kan misse den åndelege gnisten. Misjonsenergien vert borte, rekrutteringa sviktar, gåvene minkar, bønene stilnar, samtalane glir over i prat.

«Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.» Det ventar oss ein invasjon: Menneskesonen. Berre dei som har stelt lampene sine, kan bli ståande.

Les gjerne Matt 25,1-13.

Translate »