Høgtida for Herrens Heilage Fødsel

«Vi såg hans herlegdom.» Det kunne vore hyrdingane. Det kunne vore det Maria og Josef. Og det var apostelen Johannes. Guds herlegdom er midt i ’reality’.

Too good to be tru’ og difor heller ikkje trudd. Av dei fornftige.

Logos’ (gr) betyr ’meining’. Sjølve meininga med verda og med våre liv openberrar seg. Meininga, samanhengen, årsaken og målet med alle ting vart kjøt og blod.

Menneske har oppfatta det som vakkert. ’Splendor veritatis.’ Trass fjøslukt og fornedring. Heilt unødvendig å pynte med glitter. Sanninga har ei utstråling så det fornedrande øydelegg henne ikkje.

Men Hans eigne tok ikkje imot han. Ikkje pen nok, ikkje fornuftig nok, ikkje bra nok? Likevel: Vi er hans born, hans eigedom. Ordet frå æva, alt det Gud har å seie oss, kviler på Marias fang. Den som fylgjer han, skal ha evig liv.

Translate »