Når Jesus får spørsmålet om det er få som vert frelste, svarar han ikkje anna enn at hindringane er mange. Det er veldig lite ’up to date’ av Jesus å hevde at mange skal prøve seg men ikkje greie det.
Annleis idag. Tilgongen til Gud skal helst vere ’smooth’. Ingen dørstokkar når Gud tek imot med ’drop in’.
Apostelen Jakob minner om at venskap med verda er fiendskap mot Gud. Nokon kvar må altså gjere eit val. Det står mellom høgmot og audmjukskap. Kor lett er det for oss å velje rett her?