Den åndelege tørsten sin sundag. Menneske jaktar på livsens vatn, men brunnane er sprukne.
I velstandssamfunnet slit vi både politisk, moralsk og helsemessig. Kvoteregulering, overproduksjon og overforbruk, dårleg samvit og usunn livsstil tyder på det.
I Guds rike er overflod normaltilstand. «Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.»
I Sverige heiter matbutikkane ‘Livsmiddel’. I Guds rike heiter dei ‘nådemiddel’. Jesu livsmiddel er mjølk, brød, vin og vatn. Og dei er gratis.
«Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.»
Les gjerne Joh 4,5-26.