Dec 19
HERRENS FØDSELSFEST
’Logos’ (gr) betyr ’meining’. Samanhengen som knyt ihop verda og våre liv. Meininga med alle ting. Han vart kjøt og blod.
’Splendor veritatis.’ Trass fjøslukt og fornedring. Heilt utan glitter.
Men det er ikkje skiten som er sant, ikkje sanninga som er skiten. Sanninga strålar gjennom fornedringa.
Likevel tok ikkje hans eigne imot han. Ikkje pen nok, ikkje fornuftig nok?
Ordet, det Gud har å seie oss, kviler på Marias fang. Og dei som tek imot han, skal ha evig liv.
Vel møtt i St Olav kyrkje juledag kl. 12.