Adventstida eignar seg ikkje for julekos og småpen hygge. Dette er ei til for å skjerpe seg. Slik Jesus sa det til sine næraste: -Ver på vakt, hald dykk vakne, for de veit ikkje når tida er inne! Måtte de ikkje bli funne sovande når eg kjem!
Å feire advent er å leve i venting på at vår Herre Jesus Kristus skal openberre seg. ”Herrens dag” er dagen for Guds inngrep i historia, då Gud skal skjere gjennom, og halde dom. Det skal vi vere glade for. Tenk om det ikkje skulle vere rettsoppgjer når ugjerningar er gjort!
Alvoret for oss alle ligg i at Gud har gjort oss til ansvarlege personar. Mennesket er skapt i Guds bilete, det er ein liten gud. Vi er tenkte til evig glede hos Gud. Difor er det eit høgt spel å vere menneske. Kor fårleg er det ikkje då om vi har stengd ute det evige perspektivet, sjølve utsikta!