Herren kjem i si kyrkje

Den fyrste adventshelgen markerer årsskiftet i kyrkja. Gud skapte tida, og då tida var moden, let Han seg føde for å frelse verda og tida. Gjennom kyrkjeåret følgjer me hans livsreise på jorda og hans undervisning om himmelen.

Tida er difor nådetid og ei stadig påminning om at Frelsaren er på veg.

Me lever ikkje i tida for å gjere suksess. Heller ikkje for å bli reinkarnert. Men for oss er kvar soloppgong ei påminning om Jesu gjenkomst og nedteljing til enden av tida.

I ventetida kjem Han i si kyrkje kvar gong me samlast i hans namn. Kvar gong eg bed «kom Herre Jesus» kjem han i mitt hjarte. Og ved siste solrenning kjem han som Herren over alle ting.

Translate »