Heltar og skurkar i Guds rike

Kva er best, å meine rett eller å gjere rett?
Jesus set horer og tollmenn opp mot religiøse førebilete i samtida. Skulle stemme bra med det politisk korrekte i vår tid.

Men Jesus lurer alle. Jesus dyrkar ei ny type heltar: Dei opplagt diskvalifiserte. Dei som utan tvil må reinsast frå topp til tå.

Nytestamentlege formaningar handlar om handlingar, gjerningar, resultat, frukt, kort sagt om noko synleg. Aldri er det i NT tale om usynleg tru.

Den fromme som berre søkjer status eller stemning, vert ikkje anerkjend av Gud. Han er verre stilt enn tollarar og horer som ikkje gir seg ut for å vere noko.

Gud sel ikkje forsikringar. Gud er ikkje bleik. Gud let seg ikkje lure. Han er ikkje oppteken av fasade, pynt og sminke. Han ser etter frukt av det du har sådd.

 Les gjerne Matt 21,28-31

Translate »