Helse og frelse

Helsespørsmål er grei skuring for Jesus. Han som skapte lyset, livet, armar og bein, skulle ikkje han kunne lækje lamme bein?

Men frelsespørsmål kostar. Å tilgje synd kosta han livet.

Han tok kostnaden og syrgjer for at der både er helse og frelse i Guds hus. Der er frelse ved døypefonten og i skriftestolen, og der er helse ved altarbordet.

Slik vi ber kvarandre til Jesus, ber vi også brød og vin til Han. Det vert løfta opp til Faderen for å bli velsigna slik den lamme vart det. Og vi får dei tilbake som helse og frelse.

Vel møtt til messe i St Olav, Ålesund, sundag 15. okt kl. 11.

Translate »