Jesus er ’back in business’. Stemnemøte med fiskarar. Han introduserer kvardagskristendom. Ingrediensane er møte og måltid med Jesus. Les gjerne Joh 21,1-14.
Han visste at det gjekk rimeleg dårleg med dei: “De har vel ikkje noko fisk, born?” Han som har kalla dei til menneskefiskarar, øver dei i å fylgje hans arbeidsinstruks. Dei tek Jesus på ordet.
No har dei lært det heilage mønsteret: Å kjenne att Jesus til kvardags, å lyde Jesu ord, å oppsøkje det heilage måltidet med Jesus.
Menneskefiskarar viser folk veg til desse kjeldene.
Vel møtt til messe i St Olav kyrkje sundag kl. 11.
© Magne V. Kristiansen 2020