Han lærte oss Jesus-bøna

På fastelavnsundag  møter vi den blinde Bartimeus, han som ser det dei sjåande er blinde for. Han veit han er blind, men forstår det guddomelege nærveret.

Bartimeus lærer oss at den som søkjer hjelp, må fyrst erkjenne at han treng det. Så må han vite kvar hjelp er å finne. Bartimeus såg seg sjølv i det han høyrde om Jesus: ‘Han kan gjenreise min forfalne kropp til det Gud har meint han å vere.’

Gjennom århundre har menneske lært av Bartimeus å be: «Herre Jesus Kristus, Guds Son, miskunne deg over meg syndaren.»

Den som meiner å vere sjåande men er åndeleg blind, må be som Bartimeus: «Forunderleg, eit vrak som meg.» (Amazing grace, iflg E. Hoem).

Translate »