Ordet ’økonomi’ har vi fått frå gresk: oiokos = hus og nomos = lov/orden. God økonomi er å ha huset sitt i orden. Gud har sett oss til hushaldarar. Somme har fått mykje å halde styr på, andre mindre. Og ansvar deretter.
Gud har ein plan med ditt liv, lagt av Han før verda vart skapt. Gud gjorde mennesket til skaparverkets mest kompliserte, vakre og váre vesen, og gav oss alt: Liv, kropp og sjel, ord og sakrament.
Og i menneskehjartet la han eit guddomeleg gen: Evna til å ane og søkje Gud. Så mennesket ikkje skal seie: ’Mi sjel er uroleg til ho får ein valium.’ Nei: ’… til ho finn kvile i deg.’
Jesus minner stadig om ikkje å tape av syne det faktum at denne verda ikkje kan fylle eit menneskeliv. Alt her er berre provisorier. Mennesket er sett til å vere konge og dronning over alt saman, og bruke det til å oppfylle Guds økonomi.
Hushaldaren si store freisting er å seie: Herren min dryer nok endå ei stund, så eg kan nyte livet. Gud kan bruke berre kloke hushaldarar. Til å gje folket sitt mat i rette tid. Både heime og i Kyrkja. Han dukar bord for oss. Kjøkkenbord og altarbord. Og når jorda ikkje er meir, set han oss til bords med alle dei heilage i himmelen. Måtte vi vere der.
Les gjerne Luk 12,42-48.