Guds offerlam

«Ikkje noko anna enn Jesus Kristus og han krossfest,» seier apostelen. Difor vert Jesus kalla Guds offerlam. Han ofra ikkje ein kalv eller bukk, men seg sjølv. Offerpresten vert offerlammet.

Difor konkluderer messa vår med: «Sjå Guds Lam som ber verdsens synd!»

Det djupaste og det mest neglisjerte i den kristne trua. Så mange som stiller seg uforståande til at Gud skulle kreve eit offer. Den som ikkje opplever seg som syndar, treng vel ikkje forsoning.

Den som trur at døden berre er å bli borte, treng vel ingen frelsar.

Den som ikkje reknar med demonar, treng vel ingen sigerherre.

Og då er livet berre moral og psykologi.

Berre syndarar, menneske med ei historie, treng ein som bed for dei hos Faderen med naglemerkte hender.

Pasjonssundag rundar av fastetida og fører oss inn i siste fase av påskeførebuingane. 

Translate »