Heller ikkje reformasjonen viska ut Maria. Difor har det blitt feira Kyndelsmess her til lands samanhengande. Ho ‘som har fått nåde’ og som ‘Herren er med’ – ho er velsigna mellom kvinner slik det barnet ho bar, er det. Den 2. februar feirar vi difor festen for Marias kyrkjegong.
Gudsmannen Simeon skjøna straks at han møter ‘den Herren har salva’. Men kva skal vi gjere med Maria?
Vi kan ikkje anna enn som dei nytestamentlege vitna, prise henne sæl. Ho ragar i Guds frelseshistorie då denne er ved sitt klimaks.
Maria er også vårt åndelege førebilete, fyrst med det ho gjer: Ho seier ja til Gud, stiller seg til hans disposisjon, med opne auge, sinn og hjarte. Ho gøymer Guds ord der inne og let det prege seg.
Og ho er vårt førebilete med det ho ikkje gjer: Ho kalkulerer ikkje om ho kan kome billegare unna. Ho går ikkje utanom sverdet.