Kvar er skatten din?
Gud gjer ikkje skilnad på folk når han innbyd til sitt rike. Menneskefantasien skaper skiljelinjer, Gud er raus. Ikkje skilnad på jøde og grekar, ikkje på træl og fri, ikkje på mann og kvinne. Men han pålegg oss ikkje å ha andre gudar attåt han.
Skattane dine kan bli dine avgudar. Dei beste ting i livet kan bli det. Dei avslører kvar skatten din er. Ikkje at ein meiner å seie nei til Gud. Men når skatten er ein annan stad, kjem Gud lenger ned på lista.
Jesus seier: ”Kom, no er alt ferdig!” Dei som tek imot invitasjonen til Guds rike, svarar: ”Herre, eg er ikkje verdig til at du går inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så vert sjela mi lækt.”