Ein elev eg hadde var gått så lei av all ureflektert formalisme med helsingar utan innhald, at ho laga si eiga som gjengitt i overskrifta. Kven tenkjer over kva ein seier når ein ynskjer ‘god jul’, ‘god påske’ e.l.?
Når det går inflasjon i helsingane, er det på tide å gjere ein vri. For sjølv å måtte tenkje, og for å få sine næraste til å gjere det.
Ei sak er at det vert helsa ‘god påske’ i utide. Men sett at vi gjer som vi burde, helsar ‘god påske’ når det verkeleg er påsketid, dvs. frå påskenatt og framover til pinse. Kva ligg i ei slik helsing?
Skrifta har fleire forteljingar som opnar for oss påska sitt mysterium. Ei av dei er historia om Josef. Josef er ein av frelsarfigurane i det Gamle Testamentet. Han vart ofra av brørne sine og seld til farao i Egypt (1.Mos 37). Han vart ein verdifull figur i farao sitt hushald, og for slekta si vart han redningsmann. Då Jakobs slekt vart drivne til Egypt av hungersnaud, vart Josef deira redning. (1.Mos 43 ff).
Farao vann over dei og gjorde dei til trælar. Men farao hadde ikkje kalkulert inn at dette ikkje kunne vare. Farao hadde slukt eit byte han ikkje kunne halde på. Då Moses kravde «let my people go» og Gud la breisida til med sine 10 lande-plager, dreiv farao israelittane ut, og dei vann fridomen sin. Les 2.Mos 7-14.
Sameleis med historia om paktarka som vart røva av filistarane. Les 1. Sam kap 5 og 6. Filistarane hadde røva det høgheilage. Deira siger var større enn dei kunne halde på. Fyrst vart filistarguden Dagon fornedra. Så vart filistarane slått av sjukdomar og dødsangst. Dei hadde vunne ein for stor siger. Dei hadde slukt eit byte som fortærte dei. Så til sist sende dei paktkista attende.
Dette er innfallsportar til å forstå påska. Jesus er den nye pakta sin Josef og si paktkiste. Han er den heilage som vert ofra som Josef og røva som paktkista. Han vert teken i fangenskap av sin fiende døden, djevelen. Han stig ned til døds-riket. Det er hans overgjeving. Men samstundes hans siger.
Fienden har slukt eit byte som er for stort til at han kan halde på det. Fangen i dødsriket bryt ned portane dit inn, rekkjer handa til Adam og Eva og dei andre som er haldne i fangenskap, og fører dei sigrande opp derifrå.
Døden har slukt sin overmann. Djevelen har vunne over sin sigerherre. Den såra vert lækjaren. Den slegne vert sigerherren. Han som tapte, vinn.
Heile denne tragi-komedien ligg i den enkle helsinga ‘god påske’. Ho avslører det inste i den kristne trua.
Difor er det viktig å vere der når det skjer. Vegen dit går gjennom gudstenestelivet i kyrkjelyden din i påsketida. Vel møtt.
fr Ottar Mikael