Gjensynet sin sundag. «Berre ei lita stund,» seier Jesus. «De skal sjå meg att. Sorga skal vendast til glede.» Han lovar oss same gjensynet han lova læresveinane etter påske. Medan vi ventar, er prøvingane si tid.
I prøvingane treng vi å kjenne mønsteret Jesus har gitt oss. Nederlag og motstand, smerte og lidingar skal det bli. Men ikkje noko nederlag skal få siste stikk. Det er berre ei lita stund. Så skal sorg og gråt bytast ut med glede.
Det kristne synet på framtida er å overgje livet sitt til den trufaste Skaparen og Frelsaren, og konsentrere seg om å vitne om han og gjere det gode. Det er kristen medisin mot mismot.