Gjennom døden til livet: Påske

På tre ulike personar syner Jesus tre måtar å gå frå døden til livet. Jairus’ dotter var sovande og fekk med Jesu hjelp vakne (Mk 5). Enkjesonen i Nain måtte reisast opp (Luk 7). Lasarus måtte kome ut (Joh 11).

Somme menneske lever lever som i sømne, utan medvit om kven dei er eller kvar dei er på veg. Dei må vekkjast. Andre surrar ikring i ’livets uuthaldelege letthet’ utan å vere nokon stad på veg. Dei må reisast opp frå eit liv som berre er luft og likesæle til det målet Skaparen har sett for livet. Andre lever innestengde i sine eige, sjølvopptekne sinn og suter. Dei må kome ut.

For å tru på Jesu oppstode, er å tru på si eiga. Han var død, men sjå Han lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. Han kan låse opp for både sømngjengarar, likesæle og sjølvopptekne.

Kyrkja forvaltar eit livsrituale som kallast dåpen. Dåpen er vår overgang til det evige livet. Det feirar vi i påska.

Translate »