Jesu sju ord på krossen gjev oss tidlaus åndeleg rettleiing. Ei heil katekisme for vårt liv som truande. Det kulminerer med «det er fullført». Den latinske varianten, «consummatum est», talar tydeleg om kva som har hendt.
Moselova seier at «forbanna er kvar den som heng på eit tre». Men i Jesu tilfelle var krossfestinga hans siger. Jesus herleggjer Faderen når han her fullfører sin misjon.
Alt er ’konsumert’. Alt er oppslukt. Alt det vonde, alt det bitre, all skuld, all skam, alt hat, all liding.
Dette vert sagt slik i brevet til Hebrearane: ”Da han hadde nått fullendinga, vart han opphav til evig frelse for alle som lyder han.” (Hebr 5,9).
Alle ting vert gjort nye. Frå denne dagen er både naturen og menneska, jorderiket og dødsriket, forvandla. Englane gleder seg, himmelen opnar seg.