Falske profetar kan ha fine titlar: Forfattar, lærar, journalist, psykolog, PR-konsulent, doktor, politikar, prest. Jesus åtvarar imot eit spesielt hykleri: Det fromt forkledde.
Jesus lyfter fram eit tvillingordpar «høyre» og «gjere». Når gjerning ikkje fylgjer ord og rota ikkje ber fram frukt på greinene, er tragedie eit faktum. Då er Guds motstandar på ferde. Han som skaper splitting i menneskeliv, og i kyrkjer. Namnet er ‘diabolos’, som er latin og betyr ‘splittar’.
Jesus dømer hardt den djevelske splittinga som riv frå kvarandre ord og handling. Der er ei tru som ikkje føder gode gjerningar. Ho er som tre som ikkje ber frukt.
Der denne splittinga rår, misser saltet si kraft. Når sanninga ikkje er kobla med kjærleik, når forkynninga ikkje vert følgd av kjærleiksgjerningar. Når det ikkje viser seg att i livet, det som vert profetert frå talarstolar og i aviser og over hagegjerde. Då rår splittinga. Fromt forkledd falskneri.
Men den som har si glede i Herrens lov og grundar på henne dag og natt, er lik eit tre ved rennande bekker som gjev frukt i rett tid (Salme 1).