Frels oss frå vondskapen

Psykologar, religionsteoretikarar, biologar, politikarar, forfattarar – det er ikkje ende på alle som vil forklare eller bortforklare vondskapen. Jesus dreiv ut vonde ånder. Fleire gongar har menneska drive ut vonde makter. Men det blir ikkje slutt på dei.

Den heilage Augustin har sagt at det vonde har ingen substans. Det vonde er imot naturen, for naturen er god. Det vonde oppstår når det gode som burde vere der, er borte.

Men Gud har teke opp kampen, ein kosmisk kamp om menneska si redning frå det vonde. Der er eit sluk i skaparverket som menneske kan falle nedi. Difor talar Jesus med makt og mynde når han konfronterer vondskapen i Kapernaum. Det handlar ikkje om stemningar. Når Han sjølv møter denne herskaren over vondskapens hær, er det ein kamp på liv og død.

Ikkje rart djevelen går omvegar utanom krossen når dei møtest.

Translate »