Frels oss frå den vonde

Psykologar, journalistar, biologar, politikarar og forfattarar har prøvd å forklare vondskapen. Jesus dreiv ut vonde ånder.

Den heilage Augustin sa at det vonde har ingen substans. Det vonde er imot naturen, for naturen er god. Det vonde oppstår når det gode som burde vere der, er borte.

Gud har teke opp kampen, ein kosmisk kamp om menneska si redning frå den vonde.

Der er eit sluk i skaparverket som menneske kan falle nedi. Difor talar Jesus med makt og mynde når han konfronterer vondskapen og møter herskaren over vondskapens hær i ein kamp på liv og død.

Ikkje rart djevelen går omvegar utanom krossen når dei møtest.

Translate »