Det var langt mellom juleborda i øydemarka hjå Johannes. Han drog seg attende for å gi rom for åndeleg konsentrasjon. Ikkje tinga, men tilbedinga.
Einsam og mismodig får Johannes kjempe med tvilen. Jesus stemte ikkje med fantasien. Ikkje staseleg og kongeleg nok. Tvil er tvitydig.
Guds veg er slik. Ikkje gullskrift i skyene. Men som Johannes å bli vist til det han kan sjå og erfare. Teikn fylgjer Guds gjerningar. Når evangeliet vert forkynt for fattige og dei blir forandra, er Gud på ferde. Det byggjer tru.
Gud ryddar ikkje imponerande julegater. Guds teikn er tydelegast i øydemark. Han kallar oss til å spore av frå verda sin veg og ikkje tilbe det verda tilbed.