Frå døden til livet

Jorda steig opp av vatnet i skapinga. Sameleis i Noas dagar. Jesus steig opp frå Jordanelva. Kvart menneske stig ut av fostervatnet. Kvart Guds barn opp frå dåpsvatnet. Noko må druknast, bli aude og tomt, før Gud skaper nytt liv. Vegen til livet startar i døden.

Børre Knudsen syng:
«Bare en eneste utvei lå åpen: Veien til havet, til døden i dåpen.»

Vondskapen som hopa seg opp over menneska, måtte Jesus bere. Han steig ned til det lågaste vatn på jorda, for å døy vår død.

Heilt til himmelen opna seg, oppstigninga tok til og ein ropte: Du er son min. Eg elskar deg.

Dette feirar vi søndag 15. januar i St Olav kyrkje kl. 11.

Translate »