For alle helgenar

«Dog er i Åndens mening / Alt her hun Herren nær /
Har hellig søt forening / Med Herrens venner der.»

Under Gran-stemnet vårt feirar vi på sundag Helgemesse, Alle helgens dag.

I den himmelske hærskaren er sikkert ansikta til nokon vi kjenner att. Denne dagen minnast vi desse truande, dei som ikkje er kjende for all verda. Ein gong slitne og rynkete, no strålande av Guds herlegdom.

Helgenar er som salt, seier Jesus. Salt i såret, salt i maten, salt på jorda. Men dei er også som hår i suppa og rusk i maskineriet. Ikkje friksjonsfrie nikkedokker, ikkje blodlause og aggresjonshemma. Men menneske av kjøt og blod. Syndarar eingong, men dei levde i nåden.

No er dei reinsa i Kristi blod. Det gjer forteljinga om dei til ei forteljing om Jesus og vegen til han. Difor ærar vi dei, som våre vegvisarar.

Vel møtt til messe i Nicolai-kirken på Gran sundag kl. 11.30.

Leave a Reply

Your email address will not be published.