I mørkret vart Jesusbarnet fødd. I mørkret song englane. I mørkret fann gjætarane fram til stallen. I ly av natta lurte vismennene seg heim att. Mørkefyrsten Herodes var på banen.
På Guds vegar er også liding. Straks Messias er fødd, skrur Herodes-riket opp kampen mot Gudsriket. Mot vondskapen er ikkje nok med korkje fredsbevarande styrkar eller antidepressiva. Lovprisinga i Betlehemsnatta vert stadig akkompagnert av Ramaskrika frå valden og uretten.
Men Gud går uventa fram. Vismennene og Josef fekk draumar. I eit reint hjarte som er innstilt på lytting og er ope for Gud, kan han gjere seg gjeldande.
Kva tenkte Maria om massakrane i Betlehem? Ho sa ja til lidingane som kom i hennar veg. Og ho bar også med dei andre. Som vi er kalla til.